Trine Østereng om kystfisket

Rådgjevar i Agenda, Trine Østereng, har skrive om utviklinga i kystfisket i Dagsavisen og på Agenda sine nettsider. Ho reiser spørsmålet: Er det eigentleg fellesskapet som eig fisken?

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Har Tromsø vokst på bekostning av omlandet?

 Jan Einar Reiersen har vært plan- og næringssjef i Tromsø kommune.
– Det trenger ikke være noen motsetning mellom Tromsøs utvikling og bevaring av omlandet, skriver han i Nordnorsk Debatt. Her er lenke til innlegget.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Einar-Arne Drivenes om Ottar Brox i høve markeringa av nittiårsdagen hans i Tromsø

Kva hadde Ottar Brox å seia for landsdelen, og for dei som kom etter han på universitetet i Tromsø? Denne lenka går til ein artikkel om desse spørsmåla i Nordnorsk debatt.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Ein PAGar sitt syn på “Venstrepopulisme? JA!”

Det følgjande er Sverre Rørtveit sine tankar om boka “Venstrepopulisme? JA!”. Sverre var med i dei populistiske arbeidsgruppene i Bergen på syttitalet.

Kjekt at dåke ønsker kommentar frå meg om boka “Venstrepopulisme? Ja!”, som eg no har skaffa meg og lese og bladd i. Eg er nok litt i det kritiske hjørnet i dag. Eg oppfattar at boka tematisk er tredelt: Ein del om Ottar Brox og den påverknad han har hatt på PAG-rørsla, ein del om kva som har vore det ideologiske og teoretiske grunnlaget for PAG og dessutan kva det har medført av praktiske politiske engasjement, og ein meir biografisk del om livet og relasjonen til venstrepopulismen til nokre av medlemmane av rørsla.

Delen om Ottar Brox, og spesielt intervjuet med han som Hans og Nils har hatt, var veldig interessant for meg. I mi tidlege studietid (før eg vart innhenta av ml-sjuka) var jo eg óg inspirert av «Hva skjer i Nord-Norge» og andre skrifter av han. Intervjuet boblar over av minner og merkesteinar frå barndom og resten av livet hans, og korleis erfaringane etter kvart blei systematisert til den politiske tankestrukturen hans. Evna hans til assosiasjon til andre tider og andre samfunn er inspirerande.

Grunntanken oppfattar eg som 1) at menneska i landsdelen kunne føra eit godt liv basert på sesongbasert utnytting av naturressursane og 2) at dette også var til fordel for bybuarane, fordi det dermed ikkje var så attraktivt å flytta til byen, og bedrifter og myndigheter måtte derfor anstrenga seg meir for å gje byfolk gode rammer for liva sine. Dette generaliserer han etter kvart, til å demonstrera at dette er (del-?) årsaka for dei mindre klasseskilja i Norge enn i mange andre land, og gjer at Norge er eit godt land å bu i. Såleis var det heilt misforstått frå staten si side at dei måtte «hjelpa» folket i Nord-Norge ved å gjera muligheten deira til sjølv-tilpassing vanskeleg, slik at dei kunne søka lønnsarbeid i større sentra. Brox meiner at der fekk dei dårlegare liv.

Grunntanken hos Brox finn i meg gjenklang i duoen antropolog Graeber og arkeolog Wengrow si bok «The dawn of everything. A new history of humanity», som eg prøver å lesa no (boka har også kome på norsk, men eg har ikkje fått tak i den). Boka har fått svært mykje positiv oppmerksomhet (sikkert også ein del fagleg kritikk, men den har ikkje nådd fram til meg). Den er eit oppgjer mot dei rådande tankestrukturane om kva for sekvens av samfunnsformasjonar menneske-populasjonane har gjennomgått i prehistorisk tid. Spesielt er dei opptekne av at det har aldri vore nokon «regel» at menneska først var organisert som jeger/samlar-samfunn, og deretter «oppfann» jordbruket, og at jordbruket så vart grunnlaget for at folk samla seg i byar og danna statlege institusjonar.

Dei påviser at jeger/samlar-samfunna mange stader i verda gav grunnlag for svært gode liv, i tillegg til at desse økonomiske tilpassingsformene mange stader gav stor akkumulasjon av rikdom, og også store bydanningar. Med desse samfunna var det ikkje berre slik at dei ikkje starta med jordbruk, dei tok eksplisitt avstand frå at dei skulle starta jordbruk (som dei kjente til frå geografisk nærliggande jordbrukssamfunn). I Nord-Amerika var det først og fremst dei europeiske kolonisatorane som gjekk i spissen for å bryta ned dei tradisjonelle tilpassingsformene.

Eg veit at andre samfunnsforskarar ikkje har vore enige i gyldigheten av Ottar B sin teori om at gode liv på bygda gjev grunnlag for gode liv i byane (kfr f eks Einar Arne Drivenes, han skriv at andre, også han sjølv, har vore skeptiske eller kritiske), og det ville vera interessant med ein grundigare og kritisk drøfting av teoriane til Ottar. 

Den biografiske delen vart for meg ikkje fullt så interessant, sjølv om eg kjenner dei som det står om der. Det er nok artig å lesa for dei som kjenner personane å høyra om livet deira, men eg er ikkje sikker på om stoffet er interessant for dei som ikkje har vore i eller nær PAG. Det som ville vera høgrelevant, er jo i kva grad PAG-tilhøyringa har prega dei seinare aktivitetane deira, eller kanskje slett ikkje. I kva grad var det frustrerande for Astrid at ho måtte står for nedlegging av grendeskular, som skulle vera stikk i strid med venstrepopulistiske idear? Burde det vera eit kritisk blikk på Terje sin rådmannsfunksjon og Reidun si tilbaketrekking frå dei offentlege oppgåvene? Økonomane i PAG (Knut og Frøystein), samfunnsplanleggaren (Jan Einar), sjukehusdirektøren (Terje), i kva grad vart dei innhenta av harde og økonomiske realitetar og kunne slett ikkje stå for desentraliseringsidear  og utøva motekspertise?

Det tredje hovudtema for boka, slik eg oppfattar det, er det ideologiske og teoretiske grunnlaget for PAG-rørsla, og korleis dette grunnlaget blei praktisert i aktuelle politiske saker. Dei vektigaste innlegga på dette temaet er av Nils, Audgunn og Gunnar Skirbekk.

Eg oppfattar desse pillarane som grunnlaget: Desentralisering og motekspertise. Aktuelle politiske saker (utanom EU/EØS) har vore distriktspolitikk, kamp mot sentralisering, kamp for desentralisering av fiskekvoter (men dette viktige temaet står det (nesten?) ingenting om i boka), kamp mot kommune- og fylkessamanslåing.  I organisasjonen mot vindkraft «Motvind» har motekspertise vore ein ganske sentral del (men eg har ikkje oppfatta at PAG-miljøa har nokon klar oppfatning i spørsmålet). I kampen for demokratisering av fisket har flinke akademikarar, så vidt eg har forstått med ei viss tilknyting til PAG-miljø i Tromsø, stått for kraftig motekspertise. Eg har ikkje oppfatta at PAGarar er drivkrefter når det gjeld klimakrisa og dei fleirfaldige miljøkrisene verda står ovarnfor.

Det er grunn til fortviling over verda sin tilstand, og det er ikkje nødvendig at eg skal ramsa opp kvifor. Til og med over tilstanden i Norge er det grunn til, om ikkje å fortvila, så i alle fall bli forbanna på nokre punkt, sjølv om det er viktig å halda fast på at Norge faktisk er eit godt land å bu i. Poenget mitt her er at venstrepopulismen i den forma som PAG presenterer, er bra og god og velmeinande, men gjev ikkje svar på det som brenn for befolkninga i Norge og verda, og er slik sett ikkje så relevant for andre.

Eg må nok gjera litt oppramsing likevel: Me har to store og og svært alvorlege krigar i verda no. Det er slett ikkje å forventa at PAG skal ha svar på dei. Klima- og naturmangfald-krisene: Her føler eg at den venstrepopulistiske rørsla kunne ha gode svar å gje til befolkninga i Norge. Me burde kunna formulera at det å kjempa for ei spreiddbygd befolkning i Norge, er bra for miljøet i verda og i Norge, og bra for naturen.

Det som eg føler brenn mest nett no på den distriktspolitiske fronten, er kampen for re-fordeling av fiskekvotene, mindre til tråling, meir til sjarkfiske, meir landing av fisk til lokale fiskemottak. Her har PAG gjort viktig arbeid, så vidt eg har forstått (eg mistenker at den omtalte Knut har bidrege her), og det bør gjerast enno meir. Eg sit i glasshus, for eg bur i Norge sin største havfiskebåt-kommune.

Det finnest mange skarpe hovud i PAG-miljøet, mykje viktig erfaring, og miljøet bør absolutt finna måtar å samlast, både sosialt og politisk, for dåke (eller tør eg seia me?) bør sørga for at denne alternative stemma blir høyrd. Men eg synes det er viktig å vera både kritisk og sjølvkritisk, og  anstrenga seg for å formulera konkret politikk som rører ved det som folk i Norge strevar med.

Takk for at eg fekk tenka gjennom dette, og laga litt struktur i tankesurret mitt!

Helsing Sverre

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Joseph Stiglitz om behovet for økonomiske reformar

Her er lenke til ein artikkel i The Guardian av den amerikanske nobelprisvinnaren Joseph Stiglitz, som også har vore sjeføkonom i verdsbanken, om truslar mot demokratiet og behovet for reform av det økonomiske systemet i verda.

https://www.theguardian.com/business/2023/sep/01/global-democratic-politics-economic-reforms

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Er det tid for ein ny klimapopulisme?

Elektriske bilar, varmepumper og andre miljøvenlege produkt, lågutsleppsoner og økologisk motiverte skattar: vert slikt tredd ned over øyrene på folk av politikarar og byråkratar utan bakkekontakt, og av rike, idealistiske kapitalistar – sjølv om arbeidsfolk og middelklassen ikkje har råd til å vera med på dansen? Denne artikkelen i The Guardian tek opp dette.

https://www.theguardian.com/commentisfree/2023/aug/11/super-rich-pollution-earth-climate-crisis

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Mimir Kristjánsson i Klassekampen om arven etter Brox

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Ragnar Nilsen om råderett over ressursane

Ragnar Nilsen sin kronikk i Nordnorsk Debatt har denne ingressen: “Filmen Kystkrigeren om Ottar Brox presser fram spørsmålet om lokal og folkelig råderett over naturressurser både i landsdelen, landet og globalt.” Her er lenke til kronikken:

Lærdommen fra Hjørdis Brox

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Presentasjonar frå lanseringsmøtet

Dette er presentasjonane som vart brukte då vi lanserte boka Venstrepopulisme? JA!.

Ikkje alt gjekk etter dagsordenen de ser på det andre lysarket. Før møtet hadde vi fått tilsegner frå nokre stortingsrepresentantar om at dei ville vera med på møtet. Så vart dette avlyst, på grunn av ei avstemming om lakseskatt, der alle representantane måtte vera i salen. Men eit stykke uti møtet vårt dukka likevel Ingrid Fiskaa og Mimir Kristjánsson opp: avstemminga var over og dei kom seg frå Tinget. Så dei heldt sine innlegg, og det betydde at dei avsluttande kommentarane frå salen til slutt datt ut.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Einar-Arne Drivenes sitt innlegg på boklanseringa

Einar-Arne har lagt innlegget han heldt om Ottar Brox på boklanseringa 31.5.2023, med tittelen “Hva skjedde i Nord-Norge?”, ut på bloggen sin. Du finn teksten på denne lenka.

Posted in Uncategorized | Leave a comment