Frå gamle dagar

Dette biletet er frå feiringa av sigeren i EU-avstemminga i 1972. Ottar Brox er andremann frå høgre.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

“Venstrepopulisme? JA!” er lansert

Boka Venstrepopulisme? JA! vart lansert på eit møte på Litteraturhuset i Oslo onsdag 31. mai 2023. Helge Ramsdal leia møtet, og det var innleiingar ved Einar-Arne Drivenes, Nils Aarsæther, Audgunn Oltedal, Steinar Bryn og Andreas Hompland. Vi var også heldige og fekk også med oss, tross avstemming om lakseskatt på Stortinget, representantane Ingrid Fiskaa og Mimir Kristjánsson. Før møtet samla mange av deltakarane, mellom desse Ottar Brox, seg i godveret ved eit bord utanfor Litteraturhuset, og etter møtet kom dei som ville til restauranten i Kunstnernes hus like ved.

Her er nokre bilete frå møtet.

Ottar Brox var med på heile tilstellinga, frå start til slutt. Foto: Ingvar Botnen.
Andreas Hompland førebur innlegget sitt. Foto: Vidar Ystad.
Møtelyden. Foto: Vidar Ystad.
Helge Ramsdal leia møtet. Foto: Vidar Ystad.
Einar-Arne Drivenes fortalde om Ottar og om kva som skjedde i Nord-Noreg. Foto: Ingvar Botnen.
Nils Aarsæther oppsummerte historia og teorien. Foto: Ingvar Botnen.
Audgunn Oltedal tok opp venstrepopulismen si framtid. Foto: Ingvar Botnen.
Steinar Bryn fortalde om korleis det å bygga sosial kapital i lokalsamfunn kan styra utviklinga i fredeleg retning etter krigar og konfliktar, med bakgrunn i eigne erfaringar frå Balkan og andre stader. Foto: Ingvar Botnen.
Stortingsrepresentant Ingrid Fiskaa frå SV fortalde om kva venstrepopulistiske tenkemåtar betydde for henne. Foto: Ingvar Botnen.
Stortingsrepresentant Mimir Kristjánsson hadde mellom anna interessante ting å fortelja om korleis tenkinga i partiet Raudt hadde utvikla seg i venstrepopulistisk retning. Foto: Ingvar Botnen.
Boka Ottar har fått er Kva skjer i Bygde-Norge? av Reidar Almås, i tillegg til Venstrepopulisme? JA! som vi lanserte på møtet. Her har han altså i fanget eit nåtidig ekko av hans velkjente Hva skjer i Nord-Norge frå 1966! Foto: Vidar Ystad.
Etter lanseringsmøtet fekk me oss ein matbete på Lofthus Samvirkelag, som er namnet til restauranten i Kunstnernes hus, ikkje langt frå Litteraturhuset. Foto: Ingvar Botnen.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Lansering av boka “Venstrepopulisme? JA!”

Boka (sjå nedanfor) vert lansert onsdag 31. mai klokka 14:30 på Kverneland, Litteraturhuset i Oslo.

På lanseringa vert det først innleiingar ved nokre av forfattarane, så kommentar frå journalist og sosiolog Andreas Hompland. Deretter vert det innlegg frå stortingsrepresentantane Ingrid Fiskaa (SV), Mímir Kristjánsson (Rødt) og Per Martin Sandtrøen (Sp). Til slutt blir det kommentarar og spørsmål frå salen.

Det er ein god del forsking internasjonalt på populisme, men venstrepopulisme er ikkje eit viktig begrep i denne, skal ein dømma etter The Oxford Handbook of Populism. I denne er det seks indeksinnførsler på “left-wing populism”, medan boka er på 700 sider.

Så nå har vi altså ei bok som er meir fyldestgjerande for venstrepopulismen her i Noreg!

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Boka “Venstrepopulisme? JA!” er å få

Eit redaktørkollektiv som består av Helge Ramsdal, Nils Aarsæther, Audgunn Oltedal og Ingvar Botnen har fått gjort ferdig boka, med tittel som over. Slik ser ho ut:

Boka er å få frå nettbutikken til Novus, og er også i handel i nettbutikkar som t.d. Akademika, og i vanlege bokhandlar.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Nils Aarsæther om kommunestørrelse

Spelar størrelsen på kommunen nokon rolle for kor godt folk har det der? Nils Aa. har skrive eit debattinnlegg om dette på nettstaden Nordnorsk Debatt, sjå https://www.nordnorskdebatt.no/store-og-sma-kommunar-igjen/o/5-124-238441.

Posted in Uncategorized | Leave a comment