Kommunalt sjølvstyre på ville vegar?

NRK har lagt ein repotasje om nedbygging av natur ut på nettstaden sin som har fått mykje merksemd. Søknadar om bygging av hyttefelt, næringsområde, bustadfelt, vegar og motorvegar – det aller meste ser ut til å verta innvilga av kommunestyre som ser meir verde i arbeidsplassar og skatteinntekter enn i å ta vare på naturen.

Er omsynet til naturen så viktig at det må sterkare lut til – meir sentral styring med kva som vert tillete og ikkje, og strengare vurderingar før bulldoserane vert slepte laus – for å berge det som er att av hundremeterskogar, av turterreng, av myr og skog som bind CO2, og av verdfulle biotopar?

https://www.nrk.no/dokumentar/xl/nrk-avslorer_-44.000-inngrep-i-norsk-natur-pa-fem-ar-1.16573560

Ikkje uventa slår bølgjene frå denne artikkelen inn i Stortinget.

https://www.nrk.no/dokumentar/sv-og-mdg-foreslar-massivt-byggeforbud_-vil-forby-inngrep-i-verdifull-natur-1.16711423

Her er meir om mekanismane bak inngrepa i naturområde og på dyrka mark. Og: professor Gro Sandkjær Hansen på OsloMet held fram utbygginga som skjer på “grå område” i Oslo som eit eksempel til etterfølgjing. I denne byen er markagrensene heilage, og utbygging skjer på “grå område”, det vil seie stader der det før har stått uttjente industribygg eller liknande.

https://www.nrk.no/dokumentar/xl/slik-kan-vi-stanse-nedbyggingen-av-norsk-natur-1.16687202

Så har også klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen meldt seg på debatten – eller skulle eg sagt “kome på banen”?

“Vi trenger mål, verktøy og systemer for en areal- og naturpositiv samfunnsutvikling”, seier han mellom anna.

https://www.nrk.no/ytring/naturen-setter-rammen-for-menneskelig-utvikling-1.16713348

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *